Hopp til innhold

Kjekt med sommarskiskule!

Sognefjellet sommarskiskule er endelig tilbake, og med flotte forhold både på Sognefjellet og i Skjolden i Sogn og Fjordana Skikrins kunne vi ikkje hatt ei betre veke på skiskule!

24.-28. juni 2024 gjekk Sognefjellet sommarskiskule av stabelen i Skjolden og på sommarsnø på Sognefjellet. Det vart fem flotte dagar med mykje aktivitet og heile 6 skiøkter på snø. 

Tre dagar med skitrening og aktivitet på snøen vart hødepunktet for skiskulen. Deltakarane tok buss frå Skjolden til Sognefjellet tysdag, onsdag, og torsdag, og hadde to skiøkter kvar dag. Sjølv om trenarane var litt usikre på teknikken til deltakarane før første skiøkt såg det ikkje ut som dei hadde gjort anna enn å gå på ski denne våren! I flotte løyper, strålande sol og stort sett vindstille var det tre fantastiske dagar på ski. 

Fredag 28. juni vart skiskulen avslutta med gåtur til Fuglesteg og multisportkonkurranse (meisternes meister) i Skjolden. 

Frå kjekke økter på ski på Sognefjellet: 

          

Til barmarkstrening, tur til Fuglesteg og bading i Skjolden: 

          

I tradisjon tru vart skiskulen avtslutta med multisportkonkurranse: 

     

Takk til alle deltakarar og trenarar for ei kjekk veke på sommarskiskulen 2024! 

NIF-EPI03, 03