Hopp til innhold

SFE HoppCup Sogn Skisenter

Laurdag 5. mars 2022 gjennomførte Hafslo IL flott SFE Hopprenn i det nye skileikanlegget for hopp ved Sogn Skisenter. Det er første gang det er arrangert hopprenn i dei nye hoppbakkane på 5 meter, 10 meter og 19 meter.

Sjølv om bakkane ved Sogn Skisenter ikkje er heilt ferdige, vart dette eit flott opningsrenn og vi håpar mange vil prøve seg på hopping i det nye nærmiljøanlegget for hopp framover. Hoppgruppa ved Hafslo IL legg opp til treningar kvar torsdag kl.1815 og på laurdagar så lenge tilhøva gjer det mogleg. 

Det blir nytt hopprenn ved Sogn Skisenter om 4 veker! 

Resultat Hafslo IL  Hafslo IL Facebook 

nif-epi04, 04