Hopp til innhold

Flott dag på Vangen

Laurdag 5. februar avvikla IL Veten ein flott skidag ved Nordfjord Fritidssenter, med Vetenrennet 2022 og mykje skileik.

Endeleg har vinteren kome for fullt og IL Veten kunne invitere til Vetenrennet og skileik laurdag 5. februar. Om lag 50 løparar, frå dei yngste aldersklassane til senior, deltok på Vetenrennet 2022. Resultatliste finn ein nederst i artikkelen. Det var ein flott dag med mange unge som storkosa seg i skiløypene, både med startnummer på rennet og med skileik etterpå. 

Marianne Myklebust frå Skiforbundet var på besøk, og satt opp fleire tekniske løyper og utfordringar som deltakarane fekk bryne seg på etter rennet. Video frå dagen kan du sjå på Skikrinsen si Facebook side; facebook.com/skikrins

Resultatliste Vetenrennet 2022 

NIF-EPI03, 03