
Støtte FIS løparar alpint
Alpinkomiteen Sogn og Fjordane ønskjer å støtte FIS-utøvarar i Skikrinsen litt ekstra inn mot sesongen 22/23.
For å motta ekstra støtte må du som FIS løpar:
- Vere representert i klubb frå Sogn og Fjordane Skikrins
- Vere tilknytta skule/ skigymnas eller organisert lag sesongen 22/23
- Bidra inn mot rekruttering, eksempel med ei treningsøkt for klubb/krets, inspirasjonsforedrag på teams (opp til deg kva du tenkjer du kan vere med å bidra med)
- Skrive kort om deg sjølv, mål for sesongen, og punkta, og sende til adm. sjef ved kennet.dvergedal@skiforbundet.no
FRIST for å sende inn: 21. desember 2022!
Dersom du sender inn etter fristen vil du ikkje bli vurdert.