Hopp til innhold

Praktisk fagøkt på ski

Bli med på praktisk fagøkt på ski i Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn! Fagøktene som først var planlagt 31. januar og 1. februar er utsatt til 2.-4. mars.

Gjennom skikrinsen sitt prosjekt Utedagen 2022 får lærarar og aktuelle instruktørar i skigruppene tilbod om ei fagøkt/ kurs på ski med dyktig kurslærar. 

Her vil ein bli introdusert for spennande øvingar og aktivitetar på ski prega av leik og høg grad av aktivitet til bruk i grunnskulen. 

Vi opner opp for at også andre interesserte kan få delta på fakøkta, og det er kostnadsfritt for alle å delta. 

For å nå flest mogleg legg vi opp til den same fagøkta både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Fagdagane vil bli satt opp på datoane 2.-4. mars,  tidspunkt kjem vi tilbake til etter dialog med kurshaldar og skisentera. 

  • Ullsheim Skisenter - 2.-4. mars
  • Skileikanlegg i Årdalen, Sunnfjord - 2.-4. mars
  • Heggmyrane Skisenter - 2.-4. mars 

Påmeldingsfrist: Måndag 21. februar 

Etterpåmelding fram til måndag 28. februar dersom plass på kurset. 

Påmelding gjer ein til kennet.dvergedal@skiforbundet.no 

Kurset vert gjennomført iht. gjeldande råd for smittevern.

Ved spørsmål kontakt Sogn og Fjordane Skikrins:
E-post kennet.dvergedal@skiforbundet.no
Tlf 406 36 964 

nif-epi04, 04
Svalbard Skimaraton