Hopp til innhold

Oppdatering krinsrenn langrenn

Elektronisk terminliste er oppdatert pr. 20. januar 2022. Utfordringar med varierande snøforhold gjer at det kan kome endringar tett på sprintstafetten som skal avviklast på Langeland søndag. KM-helga, 28.-30. januar, blir redusert grunna NorgesCup junior.

Med bakgrunn i snøtilhøve og verprognosane for helga er det noko usikkert om sprintstafetten på Langeland kan avviklast som planlagt, søndag 23. januar. Her kan det kome endringar på kort varsel. 

KM-helga Nordfjordeid

Det var planlagt å avvikle 3 renn på Tua fredag 28, laurdag 29, og søndag 30. januar. Grunna Norgescup-rennet som skal avviklast på Åsen same helga velger vi å kun avvikle eit renn på Tua. Sidan det er krinsmeisterskap ønskjer vi å legge til rette for at juniorløparane i fylket skal få delta på desse. På bakgrunn av dette velger vi å gjennomføre renn i friteknikk søndag 30. januar på Tua. Dette blir krinsmeisterskap for klassane opp til junior. KM klassisk og KM sprint blir avvikla ved seinare høve.  

Vermeldingane er ikkje hundre prosent med oss på Tua, så rennet er med atterhald om endringar på kort varsel. 

Terminliste Langrenn 2021/2022 

NIF-EPI01, 01
Svalbard Skimaraton