Hopp til innhold

Velkommen til Haustmøte 2021

Laurdag 30. oktober er det klart for Sogn og Fjordane Skikrins sitt Haustmøte på Idrettens Møteplass i Sogndal.

Denne gongen vert Idrettens Møteplass halde i Sogndal og som vanleg legg Skikrinsen sitt Haustmøte i samarbeid med arrangementet. 

Stad: 
Sogndal vidaregåande skule (vgs)/ Sogndal Idrettshall. Oppmøte i aula ved hovudinngangen til Sogndal vgs. Sjå møteplass Lunnamyri Aust på kart. 

Tidspunkt: 
Laurdag 30. oktober 2021, kl. 10.00-16.00 

RAMMEPROGRAM 

Tid Innhald Stad
Kl. 09.30-10.00 Registrering, kaffi/ te Sogndal vgs
Kl. 10.00-12.00  Felles foredrag: 
Med tidlegare langrennsløpar og no trenar på høgt nivå i langrenn, Marthe Kristoffersen, og sportssjef i Friidrettsforbundet, Erlend Slokvik. 
Trollsalen, Sogndal vgs
Kl. 10.00 Treningssamling for ungdom 12-19 år (f. 2009-2002):
Treningsøkt 1
Sogndal Idrettshall
Kl. 12.15 Felles varm lunsj Kantina, Sogndal vgs
Kl. 12.45 Treningssamling for ungdom 12-19 år (f. 2009-2002): 
Foredrag først og så treningsøkt 2 
Sogndal Idrettshall
Kl. 13.00  Haustmøte Sogn og Fjordane Skikrins: 
Fellesdel med informasjon frå Norges Skiforbund og markeringar v/ styreleiar Finn Årdal 
 
Kl. 14.00  Haustmøte Langrenn   
Kl. 14.00 Haustmøte Alpint   

Haustmøte til Hopp og Kombinert er flytta til 22.10.2021. Påmelding kan gjerast direkte til kennet.dvergedal@skiforbundet.no. 

Påmeldingsfrist til Haustmøte: onsdag 20. oktober 

Idrettens møteplass 2021 

Paralellt med Idrettens Møteplass vert det arrangert ein treningsdag for ungdom f. 2002-2009. Her blir det lagt til rette for to økter med trening av basisferdigheiter som til dømes teknikk/ motorikk og styrke. Treninga vil kome til nytte uansett kva for ein idrett du held på med. 

Treningssamling for ungdom 12-19 år 

nif-epi04, 04
NTB