Treningsdag på Ullsheim

Markane IL, i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins, inviterer til langrennsdag for jenter og gutar i alderen 11-15 år (f. 2010-2006) på Ullsheim Skistadion.

Sjur Ole Svarstad, tidlegare assistenttrenar for det norske damelandslaget i langrenn - no trenar på landslinja i skiskyting ved Stryn vgs, stiller som hovudtrenar denne dagen. I tillegg stiller vi med ein fin gjeng unge, flinke trenarar frå Markane IL. 

Stad: Ullsheim Skistadion 

Tidspunkt: Laurdag 11. september kl. 10.00 - 18.00 

Deltakaravgift: kr. 200,- pr person (inkluderar mat, frukt, varierte treningsøkter og forhåpentlegvis mykje moro!) 

Påmelding: Frist for påmelding er tysdag 7. september, og ein melder seg på via denne lenkja

Endelig program for dagen blir sendt ut til påmelde deltakarar på førehand! 

Publisert 31. aug. 2021