Hopp til innhold

Tre nye år med Fjord1

Fjord1 og Sogn og Fjordane Skikrins har signert ei ny treårig samarbeidsavtale.

Fjord1 held fram som hovudsponsor for Sogn og Fjordane Skikrins i tre nye år.

Fjord1 har hatt eit langvarig samarbeid med skikrinsen og den nye avtalen sikrar samarbeid mellom partane fram til og med 2024.

Heidi Skorpen, leiar servicesenter i Fjord1, seier samarbeidsavtalen skal komme skiidretten i Sogn og Fjordane til gode:
- Vi i Fjord1 ynskjer å vere ein engasjert samfunnsaktør og bidra som støttespelar innan idretten i fylket, og vi meiner Sogn og Fjordane Skikrins gjer eit viktig arbeid som Fjord1 ynskjer å vere ein del av. Avtalen sikrar skikrinsen eit godt grunnlag for å halde fram breidde- og rekrutteringsarbeidet i alpinsporten.

- Vi er stolte å kunne vidareføre det gode samarbeidet med Fjord1 som ein viktig samarbeidspart for utviklinga av alpinsporten i skikrinsen dei neste åra. Tilrettelegging av krinssamlingar og rekrutteringstiltak er, saman med arbeidet i klubbane, nøkkelen til rekruttering og breiddeaktiviteten. Dette er viktige satsingsområde som vert vidareført dei kommande åra, uttaler leiar i alpinkomiteen Per Asbjørn Felde.

Kontaktpersonar:
Fjord1: Heidi Skorpen, leiar for servicesenter. Mobil: 971 03 276.
Sogn og Fjordane Skikrins: Per Asbjørn Felde, leiar i alpinkomiteen. Mobil: 979 52 452.

nif-epi04, 04