Hopp til innhold

7.-9. mai vert det allsidig fartstrening i Myrkdalen for U12 og eldre.

Fartssamling Myrkdalen

Voss Alpin og Myrkdalen Fjellandsby inviterer til Myrkdalsfart 7.-9. mai.

Det vert lagt opp til 3 dagar med fartstrening i Myrkdalen. Samlinga vil innehalde ulike element av fartstrening, m.a. hopp, løyper med bølger i sving, bølgefelt, løype med fartsmåling og mykje anna moro.

Fartssamlinga gjeld for utøvarar frå U12 og eldre.

Interessert i å delta på fartssamlinga?
Sogn og Fjordane Skikrins ynskjer tilbakemelding frå utøvarar i skikrinsen som er interessert i å delta på fartssamlinga. Tilbakemelding innan 26. april til ingrid.narum@skiforbundet.no. Dette for å avklare om skikrinsen skal stille med trenar på samlinga.

INVITASJON MYRKDALSFART 7.-9. MAI 2021

Påmeldingsfrist fredag 30. april.

NIF-EPI02, 02
NTB