Hopp til innhold

Harpefossen Skisenter.

Bilhuset Førde KM SSL og SL Harpefossen

Søndag 11. april inviterer Haugen IL til Bilhuset Førde KM Storslalåm og Slalåm i Harpefossen Skisenter.

innbyding

Påmelding - info. Påmeldingsfrist er fredag 9. april kl. 23.59.

Alle må merke seg følgjande:

  • Rennet er kun ope for utøvarar som er 20 år eller yngre innanfor same skikrins/idrettskrins. Jf. gjeldande smitteverntiltak for skiidretten i Norges Skiforbund sin koronarettleiar.
  • Ein ber om at det kun stiller nødvendig med føresette på rennet. Dette grunna gjeldande nasjonale smittevernreglar med maks. 50 personar til stades på arrangement utandørs.
  • Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett (eller direkte til arrangør). Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette".

Smittevern:
Arrangør, klubbar og utøvarar/føresette skal alltid forhalde seg til nasjonale og lokale reglar og retningslinjer for smittevern. Ved spørsmål ta kontakt med Sogn og Fjordane Skikrins v/adm.sjef. Ingrid Narum, tlf. 92 60 14 21.

Alle som møter på rennet ​skal ​følgje dei generelle smittevernråda som gjeld i samfunnet:

  • Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
  • Hugs god hand- og hostehygiene
  • Hald minst 2 meters avstand
  • Alle må registrere seg ved ankomst arena
nif-epi04, 04