
Bilhuset Førde KM SSL og SL Harpefossen
Søndag 11. april inviterer Haugen IL til Bilhuset Førde KM Storslalåm og Slalåm i Harpefossen Skisenter.
Påmelding - info. Påmeldingsfrist er fredag 9. april kl. 23.59.
Alle må merke seg følgjande:
- Rennet er kun ope for utøvarar som er 20 år eller yngre innanfor same skikrins/idrettskrins. Jf. gjeldande smitteverntiltak for skiidretten i Norges Skiforbund sin koronarettleiar.
- Ein ber om at det kun stiller nødvendig med føresette på rennet. Dette grunna gjeldande nasjonale smittevernreglar med maks. 50 personar til stades på arrangement utandørs.
- Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett (eller direkte til arrangør). Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette".
Smittevern:
Arrangør, klubbar og utøvarar/føresette skal alltid forhalde seg til nasjonale og lokale reglar og retningslinjer for smittevern. Ved spørsmål ta kontakt med Sogn og Fjordane Skikrins v/adm.sjef. Ingrid Narum, tlf. 92 60 14 21.
Alle som møter på rennet skal følgje dei generelle smittevernråda som gjeld i samfunnet:
- Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
- Hugs god hand- og hostehygiene
- Hald minst 2 meters avstand
- Alle må registrere seg ved ankomst arena