Hopp til innhold

Leirdalen skiarena.

SSF KM Sprint Friteknikk

Laurdag 6. mars inviterer IL Bjørn til SSF KM Sprint Friteknikk i Leirdalen. Informasjon er oppdatert 05.03.2021.

SSF KM Sprint i friteknikk skulle opphaveleg avviklast på Ullsheim 27. februar med Eid IL/Markane IL som arrangør, men vart utsett grunna rådande forhold på Ullsheim.

IL Bjørn tek over SSF KM Sprint og avviklar rennet i Leirdalen laurdag 6. mars. Rennet går i friteknikk og inngår i SSF Cup for rekrutt (11-16 år) og junior.

Status pr. 04.03.2021:
Snøforholda og løypene held seg bra i Leirdalen og arrangør er klar til å avvikle SSF KM sprint i friteknikk. Løypekart, startliste og tidsskjema for sprint vert publisert på skikrinsen sine nettsider ila. fredag 5. mars.

Innbyding

Løypekart

Startliste prolog Tidsskjema finaleheat

Merk at alle går prolog + 1 finaleheat.

PÅMELDING - INFO. Påmeldingsfrist er forlenga til fredag 5. mars kl. 18.00.

  • Merk at rennet kun er ope for deltaking for utøvarar i juniorklassane og yngre årsklassar. Jf. gjeldande smitteverntiltak for idretten og skiidretten - sjå Norges Skiforbund sin koronarettleiar.
  • Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette".

Smittevern:
Arrangør vil gjer sitt ytterste for å få til ei så god og trygg gjennomføring av arrangementet som mogleg. Føresetnaden for at ein kan arrangere rennet er at alle følgjer utarbeida reglar og rutinar for smittevern.

  • Har du symptom på luftvegsinfeksjon og covid-19 skal du ikkje møte opp på arrangementet.
  • Ein oppmodar om at alle praktiserar god handhygiene.
  • Alle skal halde avstand – hugs regelen om 1 meter avstand.
  • Det er ikkje høve til å opphalde seg innandørs utanom bruk av toalett.
  • Alle må registrere seg med bruk av NIF sin qrona-app (https://qrona.nif.no/login-or-checkin) når dei kjem til arenaen.
NIF-EPI02, 02
NTB