Hopp til innhold

Bilete frå Sogndal Skisenter - Hodlekve.

SSF KM Friteknikk

Søndag 14. mars kl. 13.00 inviterer Sogndal IL til SSF KM Friteknikk i Sogndal Skisenter - Hodlekve. Informasjon er oppdatert 13.03.2021.

Grunna rådande forhold ved Tua skianlegg vert SSF KM Friteknikk flytta til Sogndal Skisenter - Hodlekve.

Rennet vert avvikla som krinsmeisterskap for 13 år og eldre (opp t.o.m juniorklasse) og krinsrenn for 12 år og yngre, og kan bli teljande i SSF Cupen dersom ein ikkje får avvikla dei siste renna i SSF Cup 2021.

Innbyding Merk rennstart kl. 13.00.

løypekart Merk at 10 km = 9 km og 15 km = 13 km.

startliste

PÅMELDING - INFO. Påmeldingsfrist er fredag 12. mars kl. 23.59.

  • Merk at rennet kun er ope for deltaking for utøvarar i juniorklassane og yngre årsklassar. Jf. gjeldande smitteverntiltak for idretten og skiidretten - sjå Norges Skiforbund sin koronarettleiar.
  • Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette".

Smittevern:
Arrangør, klubbar og utøvarar/føresette skal alltid forhalde seg til nasjonale og lokale reglar og retningslinjer for smittevern. Ved spørsmål ta kontakt med Sogn og Fjordane Skikrins v/adm.sjef. Ingrid Narum, tlf. 92 60 14 21.

Arrangør vil gjer sitt ytterste for å få til ei så god og trygg gjennomføring av arrangementet som mogleg. Føresetnaden for at ein kan arrangere rennet er at alle følgjer utarbeida reglar og rutinar for smittevern.

  • Har du symptom på luftvegsinfeksjon og covid-19 skal du ikkje møte opp på arrangementet.
  • Ein oppmodar om at alle praktiserar god handhygiene.
  • Alle skal halde avstand – hugs regelen om minst 1 meter avstand.
  • Det er ikkje høve til å opphalde seg inne i skihytta eller arenabygget.
  • Alle (funksjonærar, deltakarar og føresette) må registrere seg med bruk av NIF sin qrona-app (https://qrona.nif.no/login-or-checkin) på brua ved ankomst langrennsstadion. 
NIF-EPI02, 02