Hopp til innhold

Jølster Skisenter.

SPV AlpinCup Jølster

Laurdag 13. mars inviterer Jølster IL til SPV AlpinCup i storslalåm i Jølster Skisenter. Informasjon er oppdatert 10.03.2021.

Merk! Rennet er kun ope for utøvarar som er 20 år eller yngre innanfor same skikrins/idrettskrins. Jf. gjeldande smitteverntiltak for skiidretten i Norges Skiforbund sin koronarettleiar.

innbyding

Merk rennstart kl. 17.30.

PÅMELDING - INFO Påmeldingsfrist er fredag 12. mars kl. 23.59.

  • Merk at rennet kun er ope for deltaking for utøvarar frå 20 år og yngre. Jf. gjeldande smitteverntiltak for idretten og skiidretten - sjå Norges Skiforbund sin koronarettleiar.
  • Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett (eller direkte til arrangør). Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette".

Smittevern:
Arrangør, klubbar og utøvarar/føresette skal alltid forhalde seg til nasjonale og lokale reglar og retningslinjer for smittevern. Ved spørsmål ta kontakt med Sogn og Fjordane Skikrins v/adm.sjef. Ingrid Narum, tlf. 92 60 14 21.

Alle som møter på rennet ​skal ​følgje dei generelle smittevernråda som gjeld i samfunnet:

  • Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
  • Hugs god hand- og hostehygiene
  • Hald minst 1 meters avstand
  • Alle må registrere seg ved ankomst arena

Kvalikk. reglar HL/LF:
Vedtak i alpinkomiteen, 14.02.2021: Vi har allereie mista mange kvalifiseringsrenn, og det er framleis usikkert når vi kjem i gang og i kva omfang. Difor vel AK å gå bort frå gjeldande skisserte opplegg for teljande kvalifiseringsrenn i kvar disiplin. Heretter vil alle gjennomførte krinsrenn i dei ulike disiplinane danne grunnlag for pulje. Trenarane i krinsen skal godkjenne poengsummar og pulje i kvar disiplin, og evt. nytte skjønn som tidlegare.

nif-epi04, 04
NTB