Hopp til innhold

Harpefossen Skisenter.

SPV AlpinCup Harpefossen

Søndag 7. mars inviterer Haugen IL til SPV AlpinCup i slalåm i Harpefossen Skisenter.

Merk! Rennet er kun ope for utøvarar som er 20 år eller yngre innanfor same skikrins/idrettskrins. Jf. gjeldande smitteverntiltak for skiidretten i Norges Skiforbund sin koronarettleiar.

innbyding

Arrangøren må som alle andre ta atterhald om at det kan komme endringar på kort varsel. Informasjon vert oppdatert på skikrinsen sine nettsider.

PÅMELDING - INFO Påmeldingsfrist er fredag 5. mars kl. 23.59.

  • Merk at rennet kun er ope for deltaking for utøvarar frå 20 år og yngre. Jf. gjeldande smitteverntiltak for idretten og skiidretten - sjå Norges Skiforbund sin koronarettleiar.
  • Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett (eller direkte til arrangør). Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette".

Smittevern:
Alle som møter på rennet ​skal ​følgje dei generelle smittevernråda som gjeld i samfunnet:

  • Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
  • Hugs god hand- og hostehygiene
  • Hald minst 1 meters avstand
  • Alle må registrere seg ved ankomst arena

Kvalikk. reglar HL/LF:
Vedtak i alpinkomiteen, 14.02.2021: Vi har allereie mista mange kvalifiseringsrenn, og det er framleis usikkert når vi kjem i gang og i kva omfang. Difor vel AK å gå bort frå gjeldande skisserte opplegg for teljande kvalifiseringsrenn i kvar disiplin. Heretter vil alle gjennomførte krinsrenn i dei ulike disiplinane danne grunnlag for pulje. Trenarane i krinsen skal godkjenne poengsummar og pulje i kvar disiplin, og evt. nytte skjønn som tidlegare.

NIF-EPI02, 02