Hopp til innhold

Endring Terminliste Alpint

Oppdaterte endringar i terminlista for alpint i Sogn og Fjordane Skikrins pr. 19.03.2021.

Oppdatering 19.03.2021:
Førde Bilhuset KM SL og SSL kan ikkje avviklast laurdag 20. mars i Harpefossen Skisenter med bakgrunn i den siste utviklinga i smittesituasjonen i Stad kommune, der alle lag og organisasjonar vert oppmoda om å avlyse eller utsette alle arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper. Haugen IL er i dialog med skisenteret for å sjå på moglegheitene til å avvikle renn neste laurdag 27. mars.

F.o.m. 23. februar har myndigheitene opna opp for å arrangere skirenn for alle klassar t.o.m. 20 år innanfor same skikrins. 

Oppdatert endringar i Terminliste 2020-2021 Alpint Sogn og Fjordane Skikrins pr. 19.03.2021:

  • 20.03.2021: UTSETT! Bilhuset Førde KM Storslalåm og Slalåm, Haugen IL 
  • 28.03.2021: Bilhuset Førde KM Super-G/Super-Combi, Jølster IL 

Merk at det kan komme endringar på kort varsel grunna vær- og snøforhold. I tillegg kan det komme endringar i gjeldande smitteverntiltak for skiidretten; Norges Skiforbund sin koronarettleiar.

TERMINLISTE ALPINT 2020-2021

Kvalikk. reglar HL/LF:
Vedtak i alpinkomiteen, 14.02.2021: Vi har allereie mista mange kvalifiseringsrenn, og det er framleis usikkert når vi kjem i gang og i kva omfang. Difor vel AK å gå bort frå gjeldande skisserte opplegg for teljande kvalifiseringsrenn i kvar disiplin. Heretter vil alle gjennomførte krinsrenn i dei ulike disiplinane danne grunnlag for pulje. Trenarane i krinsen skal godkjenne poengsummar og pulje i kvar disiplin, og evt. nytte skjønn som tidlegare.

NIF-EPI02, 02
NTB