Hopp til innhold

Langeland Skisenter.

SSF KM Klassisk

Søndag 28. februar inviterer Førde IL/Gaular IL til SSF KM Klassisk på Langeland. Informasjon er oppdatert 27.02.2021.

SSF KM Klassisk og SSF KM Sprint F skulle opphaveleg avviklast på Ullsheim med Eid IL/Markane IL som arrangør, men rådande forholda på Ullsheim samt værmeldingar fram mot helga gjer at det ikkje blir forsvarleg å avvikle renn på Ullsheim laurdag/søndag. SSF KM Sprint F er utsett.

Førde IL/Gaular IL tek over SSF KM Klassisk og avviklar rennet på Langeland søndag 28. februar. Arrangementet inngår i SSF Cup for rekrutt (11-16 år) og junior.

Innbyding

Som følgje av situasjonen med covid-19 vert arrangementet avvikla i to puljer.

  • Start pulje 1 kl. 12.00 (10 år og yngre)
  • Start pulje 2 kl. 13.00 (11 år og eldre)

Løypekart

startliste

Påmelding - info. Påmeldingsfrist er fredag 26. februar kl. 23.59.

  • Merk at renna kun er ope for deltaking for utøvarar i juniorklassane og yngre årsklassar. Jf. gjeldande smitteverntiltak for idretten og skiidretten - sjå Norges Skiforbund sin koronarettleiar.
  • Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette".

Smittevern:
Arrangør vil gjer sitt ytterste for å få til ei så god og trygg gjennomføring av arrangementet som mogleg. Føresetnaden for at ein kan arrangere rennet er at alle følgjer utarbeida reglar og rutinar for smittevern.

  • Har du symptom på luftvegsinfeksjon og covid-19 skal du ikkje møte opp på arrangementet.
  • Ein oppmodar om at alle praktiserar god handhygiene.
  • Alle skal halde avstand – hugs regelen om 1 meter avstand.
  • Det er ikkje høve til å opphalde seg inne i skihytta eller arenabygget.
  • Alle (funksjonærar, deltakarar og føresette) må registrere seg med bruk av NIF sin qrona-app (https://qrona.nif.no/login-or-checkin) ved ankomst skisenteret.
nif-epi04, 04
NTB