Hopp til innhold

Johannes Årdal med 1. plass og 2. plass under norgescup på Voss i helga. (Foto: privat)

Seier i norgescup på Voss

Johannes Årdal (Jølster IL) imponerte under Norgescup Hopp på Voss med 1. plass og 2. plass i A-klassen.

16-åringen tok søndag sin første seier i NC A-klassen med hopp på 105,5 og 102 meter. Laurdag leia han etter 1. omgang med eit hopp på 104 meter og enda til slutt på 2. plass.

Torje Seljeset (Hornindal IL) deltok også i norgescupen og vart nr. 7 og nr. 9 i NC C-klassen.

På Voss vart også NM Junior Normalbakke avvikla og her vart det ein 8. plass på Johannes Årdal.

RESULTAt NC Voss og NM junior


Johannes Årdal med 1. plass i Norgescup Hopp på Voss. (Foto: privat)

NIF-EPI02, 02