Hopp til innhold

Gjøran Tefre i aksjon under NM tidlegare i sesongen. (Foto: NTB)

Norgescup på heimebane

Fredag til søndag er Gjøran Tefre og Ane Brekke (begge Førde IL) klar for norgescup i langrenn på heimebane ved Langeland Skisenter.

Gjøran Tefre (Førde IL/Team Elon Vest) er førehandsfavoritt på fredagens sprint i friteknikk, og kan også slå godt frå seg på distanserenna laurdag og søndag. 

Førsteårssenior Ane Brekke (Førde IL) debuterer i norgescup for senior, og får testa seg mot noregseliten både laurdag og søndag. Eskil Hov (Kaupanger IL) står på venteliste for å delta laurdag og søndag, og kan få sin debut i seniorklassa.

Årets nasjonale renn i langrenn vert avvikla med deltakaravgrensing grunna strenge smitteverntiltak, der inntil 95 herreløparar og 58 dameløparar får stille til start. 

Jon Rolf Skamo Hope (Hyen IL) deltek ikkje i norgescupen på Langeland då han konkurrerer i U23-VM same helg.

Norges Skiforbund livestreamer norgescuprenna på Langeland. Følg live-sendinga HER.

Rennprogram

Fredag 12. februar:
Sprint fri, menn senior – første start prolog kl. 09.00
Sprint fri, kvinner senior – første start prolog kl. 09.30
Finalestart frå kl. 10.30 

Laurdag 13. februar:
15 km fri, menn senior – første start kl. 09.00
10 km fri, kvinner senior – første start kl. 11.00

Søndag 14. februar:
15 km klassisk, menn senior – første start kl. 09.00
10 km klassisk, kvinner senior – første start kl. 11.00

EQUINOR NORGESCUP FØRDE 2021

nif-epi04, 04
NTB