Hopp til innhold

Gjøran Tefre (startnr. 1) kjempa heilt i toppen under norgescupsprinten på Langeland fredag. (Foto: NC Førde 2021)

Nesten for Tefre

Gjøran Tefre (Førde IL/Team Elon Vest) kjempa heilt i teten på sprinten under norgescup på Langeland fredag, men det holdt ikkje heilt inn i finalen for heimehåpet.

Tefre hadde beste tid i prologen, og vann både kvartfinale og semifinale. Det holdt nesten heile vegen i finalen, men på oppløpet var vinnar Kasper Stadaas (Heming IL) sterkast og Tefre enda til slutt rett utanfor pallen på ein 4. plass.

RESULTAT

Det vart ein strålande første dag på Equinor Norgescup Førde på Langeland. Sjå opptak av fredagens live-sending her.

Foto: NC Førde 2021

Laurdag er det klart for 15 km friteknikk for Gjøran Tefre og Eskil Hov (Kaupanger IL), medan Ane Brekke (Førde IL) skal gå 10 km friteknikk.

Rennet kan ein følgje via Norges Skiforbund si live-sending HER.

EQUINOR NORGESCUP FØRDE 2021

NIF-EPI01, 01