Hopp til innhold

Jon Rolf Skamo Hope er tatt ut som heimeverande VM-reserve. (Foto: NTB)

Hope tatt ut som VM-reserve

Norges Skiforbund har tatt ut Jon Rolf Skamo Hope (Hyen IL) som reserve i langrennstroppen til VM i Oberstdorf.

23-åringen har hatt ein svært god sesong og har hevda seg mot dei beste norske løparane, og tok i helga gull i mix-stafett i U23-VM.

Hope vil slutte seg til troppen i Tyskland om det oppstår sjukdom eller forfall i den ordinære troppen. VM i Oberstdorf vert arrangert i peroden 25. februar til 7. mars.

Langrennsuttak VM Oberstdorf 2021

NIF-EPI01, 01
NTB