Hopp til innhold

Ane Brekke i fint driv på 10 km klassisk. (Foto: NC Førde 2021)

Flott avslutning på norgescuphelga

Søndagens klassiske renn i norgescup for senior avslutta ei fantastisk helg med flotte forhold og god stemning på Langeland, og flotte prestasjonar av dei lokale løparane.

Arrangørane Førde IL Langrenn og Gaular IL Langrenn kan sjå tilbake på ei helg med norgescup for senior under flotte forhold og med tett duellar i løypene, og fornøgde utøvarar og støtteapparat frå heile ski-Norge.

Gjøran Tefre (Førde IL) gjekk inn til ei ny god plassering på heimebane med 11. plass på søndagens 15 km klassisk, og har levert solide renn alle tre dagane på Langeland med 4. plass på sprinten fredag og 5. plass på 15 km friteknikk laurdag. 

Førsteårs seniorane Ane Brekke (Førde IL) og Eskil Hov (Kaupanger IL) fekk sin debut i seniorklassen, og gjekk gode renn i tøff konkurranse med etablerte seniorløparar. Brekke fekk plasseringane 41 (10 km friteknikk) og 42 (10 km klassisk), medan Hov vart nr. 77 (15 km friteknikk) og nr. 66 (15 km klassisk).

Årets nasjonale renn i langrenn vert avvikla med deltakaravgrensing grunna strenge smitteverntiltak, og under norgescuprenna på Langeland fekk inntil 95 herreløparar og 58 dameløparar stille til start. 

RESULTAT

Sjå opptak av live-sending søndag 14. februar: 
Menn 15 km klassisk
Kvinner 10 km klassisk

Eskil Hov (Foto: NC Førde 2021)

Gjøran Tefre (Foto: NC Førde 2021)

Ane Brekke (Foto: NC Førde 2021)

EQUINOR NORGESCUP FØRDE 2021

NIF-EPI02, 02