Hopp til innhold

Fjord1 Young Attacking Vikings

Søndag 14. februar inviterer Sogndal IL Alpin, i samarbeid med Sogndal Skisenter og Sogn og Fjordane Skikrins, til lågterskel arrangementet Fjord1 Young Attacking Vikings.

Fjord1 Young Attackings Vikings er eit lågterskel arrangement med fokus på skiglede i artige og spennande løyper. Det vert gjennomført i uformelle rammer der ein får prøve ulike aktivitetar innan alpint, m.a. parallellslalåm og skicross.

Arrangementet er ope for alle på alle nivå, med særleg fokus på born og ungdom. Det er ingen påmelding til arrangementet.

Tidspunkt:
Søndag 14. februar 2021, kl. 13.00-15.00

Stad:
Sogndal Skisenter, Rindabotn (Barnetrekket/Toyotatrekket)

Registering ved Dalalåven, Rindabotn.

Kva er Fjord1 Young Attacking Vikings?
Video Fjord1 YAV - Hafslo 2020
Video Fjord1 YAV Harpefossen 2019 (foto: NSF)

Arrangementet vert gjennomført iht. gjeldande råd for smittevern.
Retningslinjer for tilstadeverande:

  • Er du sjuk eller har symptom på sjukdom kan du ikkje delta
  • Hald minimum 1 meter avstand
  • Hugs god hand- og hostehygiene

NIF-EPI02, 02
NTB