Hopp til innhold

Endring Terminliste Alpint

Oppdaterte endringar i terminlista for alpint i Sogn og Fjordane Skikrins pr. 24.02.2021.

Oppdatering 24.02.2021:
Alpinkomiteen har i dialog med aktuelle arrangørar forsøkt å få til skirenn kommande helg, men utfordrande vær- og bakkeforhold stoppa moglegheita for dette. Terminlista vert oppdatert i starten veke 9. 

Alpinkomiteen i Sogn og Fjordane Skikrins har gjort følgjande førebelse endringar i Terminlista 2020-2021:

  • 20.03.2021: Bilhuset Førde KM Storslalåm og Slalåm, Haugen IL (utsett frå 20. februar)

F.o.m. 23. februar har myndigheitene opna opp for å arrangere skirenn for alle klassar t.o.m. 20 år innanfor same skikrins. Gjeldande smitteverntiltak for skiidretten er oppdatert i Norges Skiforbund sin koronarettleiar.

TERMINLISTE ALPINT 2020-2021

Kvalikk. reglar HL/LF:
Vedtak i alpinkomiteen, 14.02.2021: Vi har allereie mista mange kvalifiseringsrenn, og det er framleis usikkert når vi kjem i gang og i kva omfang. Difor vel AK å gå bort frå gjeldande skisserte opplegg for teljande kvalifiseringsrenn i kvar disiplin. Heretter vil alle gjennomførte krinsrenn i dei ulike disiplinane danne grunnlag for pulje. Trenarane i krinsen skal godkjenne poengsummar og pulje i kvar disiplin, og evt. nytte skjønn som tidlegare.

NIF-EPI02, 02
NTB