Hopp til innhold

Bilete frå FIS renn på Jølster 2019.

Lovande start på sesongen

Alpinsesongen 21/22 er godt i gang med fleire utøvarar frå Sogn og Fjordane.

I gårsdagens FIS renn på Geilo tok Elias Helle Felde, Breimsbygda IL, 6. plass og Jørgen Taklo, Jølster IL, 7. plass i storslalom for junior. Elias tok og ein 7. plass i laurdagens storslalom renn. 

Det har allereie vore fleire FIS renn i Sverige der Sindre Myklebust, Sogndal IL, har plukka meg seg ein sterk 2. plass frå slalomrennet i Kiruna tidlegare. 

Mange gode resultat på starten av sesongen! 

FIS renna fortsett på Geilo i dag, 6. desember, og i morgon, 7. desember, med slalom. Desse utøvarane frå Sogn og Fjordane Skikrins stiller: Eivind Hofslundsengen (Sogndal IL), Ane Malen Sætren Myklebust (Sogndal IL), Jan Henden Rand (Haugen IL), Håvard Aarøen Taklo (Jølster IL), Elias Helle Felde (Breimsbygda IL), Jørgen Aarøen Taklo (Jølster IL) og Kristin Hofslundsengen (Sogndal IL). 

NIF-EPI02, 02