Hopp til innhold

Frå ei treningsøkt under Idrettens Møteplass i 2019

Treningssamling for ungdom 12-19 år

Er du mellom 12 og 19 år og har lyst til å delta på ein dag med basistrening saman med aktive utøvarar frå andre idrettar? Då må du bli med på treningssamling på Idrettens Møteplass!

I samband med Idrettens Møteplass i Sogndal held Idrettskretsen ei felles treningssamling for ungdom f. 2002 - 2009. Samlinga består av 2 treningsøkter med fokus på basisferdigeiter som til dømes teknikk/motorikk og styrke. Trenarar på samlinga vil vere Eivind Øygard, Jorunn Aa Albretsen og Kari Bergheim Hole. I tillegg blir det innslag frå tidlegare langrennsløpar Marthe Kristoffersen. 

Treningsøktene vil foregå i idrettshallen på Sogndal Vidaregåande skule, og det blir servering av lunsj og energipåfyll i løpet av dagen. 

For meir informasjon og påmelding sjå her: 

Treningssamling for ungdom 12-19 år 

NIF-EPI02, 02