Hopp til innhold

Styreleiar Finn Årdal (t.v.) og Gjøran Tefre (t.h.)

Bragdpris 2021

Under Enivest Skiskule fekk Gjøran Tefre, Førde IL, tildelt bragdpris 2021 frå Sogn og Fjordane Skikrins for sine prestasjonar i langrennssporet.

Gjøran fekk tildelt bragdprisen frå styreleiar Finn Årdal søndag 10. oktober, for sine gode prestasjonar sesongen 2019-2020. 2019-2020 sesongen tok han blant anna 1. plass samanlagt i Skandinavisk Cup og 8. og 9. plass i World Cup renn, samt 2. plass teamsprint World Cup. Førre sesong sleit Gjøran med skader, men no er han skadefri og klar for nye skirenn. Sogn og Fjordane Skikrins ønskjer han lukke til med skisesongen. 

Sogn og Fjordane Skikrins skal dele ut fleire prisar under Haustmøtet i Sogndal, 30. oktober 2021, men beslutta at helgas skiskule var ein betre anledning til å dele ut bragdprisen til Gjøran. 

nif-epi04, 04
NTB