Hopp til innhold

Andreas Strand vann FIS-rennet i slalåm på Hafjell onsdag. (Foto: privat)

Strand til topps i FIS-renn

Andreas Strand (Jølster IL) køyrde onsdag inn til seier i FIS-rennet i slalåm på Hafjell. Også Sindre Myklebust (Sogndal IL) køyrde sterkt under FIS Hafjell med 7. og 9. plass i storslalåm.

Strand leverte ein sterk 2. omgang i slalåmrennet onsdag og køyrde seg opp elleve plassar til seier i FIS-rennet på Hafjell. 

18-årigen Sindre Myklebust (Sogndal IL) køyrde inn til ein sterk 7. plass i storslalåm under FIS-rennet måndag, og følgte opp med ein 9. plass i storslalåm tysdag. Onsdag vart han nummer 20 i slalåm.

Også fleire av dei andre FIS-løparane frå Sogn og Fjordane køyrde inn til topp 25 og topp 30 plasseringar på Hafjell.

FIS Hafjell

NIF-EPI02, 02
NTB