Hopp til innhold

Bilete frå Jølstrasprinten i 2019.

SSF Karusell Jølstrasprinten

Laurdag 23. januar inviterer Jølster IL Langrenn til SSF Karusell Jølstrasprinten i Årdalen i Jølster.

Arrangementet vert avvikla som sprintlangrenn/skicross og er ope for alle aldersgrupper.

Innbyding

PÅMELDING - INFO Påmelding innan onsdag 20. januar, kl 23.59.

MERK!​ ​Føresette som skal vere med utøvarane sine må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Dette for å ha oversikt over alle som er til stades på arrangementet for evt. smittesporing. Meld på i klasse «Føresette».

Smittevern:
Alle som møter på rennet ​skal ​følgje dei generelle smittevernråda som gjeld i samfunnet:

  • Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
  • Hugs god hand- og hostehygiene
  • Hald minst 1 meters avstand
  • Alle må registrere seg ved ankomst arena
NIF-EPI02, 02
NTB