
SSF Cup Ullsheim UTSETT
SSF Cup 24. januar på Ullsheim er utsett inntil vidare med bakgrunn i gjeldande regelverk og med presiseringar frå skiforbundet pr. 20. januar.
Oppdatering pr. 20.01.2021, kl. 20.55:
Arrangementet vert ikkje avvikla søndag 24. januar då alle arrangement som samlar deltakarar frå fleire kommunar skal avlysast eller utsettast inntil vidare. Dette med bakgrunn i regjeringa sine oppdatert smitteverntiltak gjeldande frå 20. januar.
Norges Skiforbund, 20. januar: Presiseringer vedr. gjennomføring av skiaktivitet/ skiarrangement
Arrangementet inngår i SSF Cup for rekrutt (11-16 år) og vert avvikla i friteknikk.
MERK! Føresette og støtteapparat må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Dette grunna avgrensing på maksimalt 200 personar til stades på arrangementet. Meld på i klasse «Føresette og støtteapparat».
Smittevern:
- Har du symptom på luftvegsinfeksjon og covid-19 skal du ikkje møte opp på arrangementet.
- Ein oppmodar om at alle praktiserar god handhygiene.
- Alle skal halde avstand – hugs regelen om 1 meter avstand.
- Det er ikkje høve til å opphalde seg inne i klubbhuset/kafeen eller arenabygget.
- Alle (funksjonærar, deltakarar og føresette) må registrere seg ved ankomst Ullsheim (i samband med parkering).