
SSF Cup Hodlekverennet
Søndag 10. januar er det klart for SSF Cup Hodlekverennet 2021 i Sogndal Skisenter - Hodlekve. Informasjon er oppdatert 08.01.2021.
Rennet går i klassisk teknikk og inngår i SSF Cup for rekrutt (11-16 år) og junior.
Oppdatering pr. 08.01.2021:
- Det vil ikkje vere høve til å opphalde seg innandørs i samband med arrangementet, og det vil kun vere tilgang til toalett i SIL-hytta.
- Ein oppmodar om å gå inn på startområdet så nær start som mogeleg
- Premieutdeling vert gjort fortløpande
- Merk elles informasjon om smittevern lengre nede på sida.
- Endringar i løypene:
- 9 km i staden for 10 km
- 13 km i staden for 15 km
Løypekart finn ein her: Løypekart - Startliste finn ein på EQTiming
- Oppdatert informasjon blir lagt ut på facebook-sida til Sogndal IL Langrenn – https://facebook.com/sillangrenn
INFO - PÅMELDING Påmelding innan søndag 3. januar, kl 23:59.
MERK! Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Dette grunna avgrensing på maksimalt 200 personar til stades på arrangementet samtidig (i same kohort). Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette». Ein oppmodar om maks. 1 føresett pr. løpar på krinsrenn inneverande sesong.
Smittevern
På grunn av den pågåande koronapandemien oppmodar arrangøren om maks. 1 føresett pr. løpar på rennet grunna avgrensing på maksimalt 200 personar til stades på arrangement.
Alle som møter på rennet skal følgje dei generelle smittevernråda som gjeld i samfunnet:
- Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
- Hugs god hand- og hostehygiene
- Hald minst 1 meters avstand
- Alle må registrere seg på brua ved ankomst langrennsstadion. SIL Langrenn nyttar NIF si elektroniske løysing https://qrona.nif.no/ (sjå meir informasjon i innbydinga)