Hopp til innhold

Jølster Skisenter.

SPV Alpinsamling Jølster

14.-17. januar er det klart for SPV Alpinsamling i Jølster Skisenter. Informasjon er oppdatert 12.01.2021.

Samlinga er sett opp som erstatning for avlyst samling på Ål, og vil bli gjennomført iht. gjeldande smittevernreglar og retningslinjer.

Stad:
Jølster Skisenter

Dato:
14.-17. januar 2021

Rammeplan:

Torsdag 14/1:
Start kl. 10.00 - ferdig ca. kl. 15.00
Grein: SL

Fredag 15/1:
Start kl. 10.00 - ferdig ca. kl. 15.00
Grein: Ver forberedt for både SL og SSL

Laurdag 16/1 og søndag 17/1:
Det er krevande for alle å planlegge for laurdag/søndag. Jølster Skisenter jobbar så godt som råd er for at dette skal bli best mogleg. Info om treningstider kjem så snart som råd er. Utgangspunktet er økt frå ca. kl. 07.30-12.00, men ver forberedt på endringar.

Trenar:
Anders Neteland, Eilert Årseth

Nokre foreldre må bidra, 4-5 stk. pr. dag.

Varmestua ved Hauglandsheisen vil vere tilgjengeleg for oss torsdag/fredag.

Heiskort:
Informasjon om heiskort sesong er sendt ut (kan også kjøpe dagspass til kr. 150,-).

Alle skal gå igjennom kortlesar.

Samlinga er for U10-U16.
(utøvarar eldre enn U16 kan også delta på samlinga)

Påmelding gjer ein via Min idrett innan søndag 10. januar kl. 23.59.

Påmeldte

På lokale samlingar vinteren 2021 er det ikkje treningsavgift.

Reglar og rutinar for smittevern på samling:

  • Er du sjuk eller har symptom på sjukdom - hald deg heime
  • Hald minimum 1 meter avstand
  • Hugs god hand- og hostehygiene
  • Føresette på samlinga skal bidra til at gjeldande smittevernreglar vert overhalde av utøvarar og føresette både under og utanom trening.
NIF-EPI03, 03
NTB