Hopp til innhold

Andrine Mårstøl med solide renn i europacup. (Arkivbilete. Foto: NTB scanpix)

Solide renn i europacupen

Andrine Mårstøl (Haugen IL) viste solid køyring med 12. plass og 18. plass i europacuprenna i Frankrike i helga.

Mårstøl var beste norske i begge slalåmrenna under europacup i franske Vaujany laurdag og søndag.

Laurdag køyrde ho seg opp åtte plassar til ein sterk 12. plass, medan det søndag vart ein 18. plass der ho var nummer ti etter 1. omgang.

EC - VAUJANY (FRA) 9.-10. JAN.

NIF-EPI03, 03
NTB