
Hope med 13. plass i NM
Jon Rolf Skamo Hope (Hyen IL/Team Elon Vest) hevda seg mot dei beste i NM søndag og gjekk inn til ein sterk 13. plass i fellesstart med skibytte.
Hope var kun 14 sekund bak vinnar Emil Iversen og hadde fleire sterke løparar bak seg på 30 km fellesstart med skibytte i NM i Granåsen.
NM i langrenn held fram måndag med 5 km klassisk for kvinner og 10 km klassisk for menn.