Hopp til innhold

Grasrottrenar-kurs Ullsheim

Norges Skiforbund i samarbeid med Norsk Tipping inviterer til kurset Grasrottrenar på Ullsheim måndag 18. januar.

Målet med kurset er å utdanne Grasrottrenarar som kan tilrettelegge og skape skiaktivitet for dei som skal lære å gå på ski.

https://www.ski-tv.no/hva-er-grasrottrenerkursetmov

Stad:
Ullsheim Skisenter, Stryn

Tid:
Måndag 18. januar, kl. 17.30-21.30

Målgruppe:
Kurset egnar seg godt for barnehagetilsette, foreldre, barneidrettstrenarar, allidrettstrenarar og trenarar generelt som ynskjer å jobbe for å skape skiglede og drive skiopplæring på ein entusiastisk måte.

Grasrottrenar er eit sjølvstendig kurs, men vil også inngå som ein del av NSF si trenarløype.

Oppbygging og gjennomføring av kurset:
Kurset er lagt opp med 4 timar praktisk jobbing ute, og resten er lagt opp som teori.
Den praktiske gjennomføringen er lagt opp med ein kurslærar som gjennomgår dei viktigste prinsippa for planlegging og gjennomføring av aktivitetane.
Teorien er lagt opp som sjølvstudie (e-læring) med tekst og video, og spørsmål som skal reflekterast over og svarast på.

Etter bestått praksis og teori gir Norsk Tipping ein vest til trenarane som bevis på bestått kurs 😊.

Kurset krever ingen førekunnskap.

Påmelding innan fredag 15. januar (etterpåmelding fram til søndag 17. januar kl. 20.00).
MELD DEG PÅ

Kurset vert gjennomført iht. gjeldande råd for smittevern.

Retningslinjer for kursdeltakarar:
• Er du sjuk eller har symptom på sjukdom kan du ikkje delta på kurset
• Hald minimum 1 meter avstand
• Hugs god hand- og hostehygiene

For spørsmål kontakt Sogn og Fjordane Skikrins:
E-post ingrid.narum@skiforbundet.no
Tlf. 92 60 14 21

NIF-EPI03, 03
NTB