
4. plass i NM Junior
Johannes Årdal (Jølster IL) kom på ein flott 4. plass i sitt første junior-NM i hopp i Granåsen måndag.
16-åringen låg på 6. plass etter 1. omgang og hoppa seg opp til 4. plass i finaleomgang etter eit hopp på 123 meter.
Resultat NM Junior Hopp Stor bakke
Tysdag deltek Johannes Årdal i NM Senior Stor bakke og rennet kan ein følgje direkte på NRK frå kl. 17.15.