Hopp til innhold

Torje Seljeset (t.v.), Ove Fredheim og Johannes Årdal deltok på norgescup i hopp på Lillehammer i helga. (Foto: Nils Olav Kongsvik)

Flott helg på Lillehammer

I helga var tre utøvarar frå Sogn og Fjordane i aksjon under norgescup i hopp på Lillehammer.

Johannes Årdal (Jølster IL) og Torje Seljeset (Hornindal IL) konkurrerte i c-gruppa under norgescupen i Lysgårdsbakkane, der dei var mellom dei yngste i klassen. 

Laurdag vart det ein flott 4. plass på Johannes i K90, medan Torje fekk ein fin 18. plass som beste plassering i K90 søndag.

I veteranklassen vart det siger til Ove Fredheim (Hafslo IL) i K90 laurdag og 2. plass i same bakke søndag.

resultat - nc hopp lillehammer


Bilete over: Utøvarar og støtteapparat under norgescup på Lillehammer saman med Anders Fannemel, som nærmar seg eit comeback etter skade. (Foto: Nils Olav Kongsvik)

NIF-EPI03, 03