Hopp til innhold

Bilete frå barmarksamling i Førde i 2019.

Fjord1 samling Førde

Laurdag 12. september er det klart for Fjord1 Alpinsamling barmark i Førde. Samlinga er i samarbeid med Førde IL. Informasjon er oppdatert pr. 09.09.2020.

Stad:
Solvang/ Sunnfjord Folkehøgskule, Førde

Tid:
Laurdag 12. september 2020, kl. 10.00-16.00

For kven:
U10-U16 (U10 = f. 2011)
Utøvarar eldre enn U16 kan også delta på samlinga.

Trenarar:
Førde IL Alpin

Påmeldte

RAMMEPROGRAM:

Laurdag 12. september:
Kl. 10.00-12.00: 1. økt barmark inne
Kl. 12.00-14.00: Lunsj og kvile
Kl. 14.00-16.00: 2. økt barmark ute
Kl. 16.00: Heimreise

  • Ta med inne- og uteklede
  • Utøvarane får servert lunsj (for utøvarar med matallergi melder ein dette inn til Erik.Solheim@tools.no innan torsdag 10. september)
  • Samlinga er kostnadsfri

Smittevernreglar for samlinga:

  • God handhygiene – vask hendene ofte.
  • Halde minst 1 meter avstand.
  • Du skal ikkje dele treningsutstyr med andre (personleg utstyr).
  • Ver ekstra merksam og ta omsyn til dei andre når ein er samla som stor gruppe, dvs. på øktene og fellesmåltid.
  • Ikkje møt på samlinga dersom du er sjuk/ har vore sjuk siste 2 dagane før samling/ har sjukdomssymptom. Du må varsle trenarar dersom du blir sjuk/ får sjukdomssymptom under samlinga.
  • Det viktig at alle følgjer beskjeder frå trenarar/ vaksne for desse retningslinjene.

I tillegg ber ein utøvarar og føresette lese igjennom skiforbundet sin veiledar: NSF koronaveiledar for klubbar og kretsar

Informasjon om SFSK alpinsamlingar 2020-2021

NIF-EPI03, 03