Topp 10 i junior-VM
Andrine Mårstøl (Haugen IL) køyrde søndag inn til ei ny god plassering i junior-VM med 10. plass i super-G.
Mårstøl vart beste norske i den andre øvinga under junior-VM i Narvik, og var 1,16 sekund bak vinnar Magdalena Egger frå Austerrike.
Laurdag vart det ein god 7. plass i utfor for Haugen-løparen.
Junior-VM held fram med kombinasjon måndag, storslalåm onsdag og slalåm fredag for kvinner.