Hopp til innhold

F.v.: Linnea O. Lundekvam, Magnus F. Degnepoll, Guri Line Brekke og Ingebrigt Nes Hjelle.

Ei kjekk Kollen-helg

I helga fekk fire langrennsløparar frå Sogn og Fjordane ei kjekk oppleving i Holmenkollen, der dei fekk vere tett på verdscuprenna og delta på Kong Haralds Ungdomsstafett.

Langrennskomiteen i Sogn og Fjordane Skikrins tek ut lag til stafetten basert på stillinga i SSF Cupen, for å gi ekstra inspirasjon for 15- og 16-åringane som deltek i fylkescupen i langrenn.

Følgjande gjekk på Sogn og Fjordane sitt lag i Ungdomsstafetten søndag 8. mars:

1. etappe: Guri Line Brekke, Førde IL (J 15)
2. etappe: Magnus F. Degnepoll, Førde IL (G 15)
3. etappe: Linnea O. Lundekvam, Førde IL (J 16)
4. etappe: Ingebrigt Nes Hjelle, Eid IL (G 16)

Ungdomsstafetten er ein mixed stafett over fire etappar à 3,5 km i klassisk for aldersgruppa 15 og 16 år, og har i tillegg eit flott opplegg for heile helga.

Utøvarane fekk vere tett på dei tradisjonsrike verdscuprenna 30 km for kvinner og 50 km for herrer i Holmenkollen laurdag og søndag.

I tillegg var det bankett laurdag kveld for alle utøvarane frå stafettlaga til alle skikretsane. Her fekk dei møte Astrid Uhrenholdt Jacobsen, og alle kretslaga vart utfordra til å framføre eigenkomponert rap.

Kong Haralds Ungdomsstafett

Bileter frå Ungdomsstafetten og banketten:

Foto: Halvard Brekke, Frode Lundekvam og Kong Haralds Ungdomsstafett.

NIF-EPI01, 01