Hopp til innhold

Skileikar i aksjon i hoppbakken under Sogn og Fjordane-leikane.

Mange glade skileikarar

For ein innsats av mange små og store skileikarar i Sogndal Skisenter laurdag!

Laurdag 1. februar vart Sogn og Fjordane-leikane arrangert for første gong, eit arrangement på tvers av alle greinene i Sogn og Fjordane Skikrins.

Her fekk både små og store prøve alpint, hopp, langrenn og telemark i artige og utfordrande løyper. 

Takk til alle som bidrog til ein kjekk skidag - og ikkje minst takk til alle skileikarane i løypene idag. Her var alle vinnarar!

VIDEO SOGN OG FJORDANE-LEIKANE 2020

Stor takk til Erik Aas Andersen og Eivind Gjeraker frå skiforbundet som dei siste dagane har bidrege med kompetanse i utforming og utvikling av basisløyper i skisenteret. Her fekk ein laga ei heilt ny langrennscross-løype, tilrettelegging for små hoppbakkar, og utforming av eit område med løyper til alle skigreinene.

 

Årets Sogn og Fjordane-leikarar vart Trym Blom Almås og Guri Brekke.

Relaterte saker:

– Om ikkje sola skein, så skein deltakarane

– Trym (8) prøvde hoppski for første gong: - Ei stor oppleving

NIF-EPI03, 03