Hopp til innhold

Trym Dalset Lødøen under verdscuprenn i Tyskland. (Foto: privat)

Flott verdscuphelg av Trym

Trym Dalset Lødøen (Haugen IL) hevda seg godt i verdscupen for randonee i Tyskland i helga.

17-åringen konkurrerer i juniorklassen (18-20 år), og debuterte i verdscupen fredag med ein flott 7. plass i disiplinen Vertikal.

Laurdag vart det ein 17. plass i ei teknisk krevjande løype i disiplinen Individuelt. Her kom han inn til 14. plass, men fekk 1 minutt tilleggstid då han opna skoklemma for tidleg.

Søndag avslutta Trym med ein flott 9. plass i disiplinen Sprint, der han kom til semifinalen.

RESULTAT WC JENNERSTIER (GER) - vertikal 07.02.2020

RESULTAT WC JENNERSTIER (GER) - individuelt 08.02.2020

RESULTAT  WC JENNERSTIER (GER) - sprint 09.02.2020

NIF-EPI02, 02