Hopp til innhold

Hjalmar Michelsen i aksjon under Ungdoms-OL i Lausanne. (Foto: privat)

Flott innsats i Ungdoms-OL

Langrennsløparen Hjalmar Michelsen (Syril IL) representerte Danmark under Ungdoms-OL i Lausanne med fine prestasjonar og nyttige erfaringar.

I sprint friteknikk vart det ein 36. plass, der Hjalmar berre var 3 sekund frå å gå vidare til kvartfinalen. I skicross vart det ein 43. plass og på 10 km klassisk ein 46. plass. Hjalmar konkurrerte mot om lag 100 andre langrennsutøvarar frå ulike nasjonar.

Ungdoms-OL har vore ei stor oppleving for Hjalmar, der han verkeleg har vist seg fram. Opplevingane vart toppa då han fekk møte den danske kronprinsen. Kronprinsen er langrennsinteressert og heia Hjalmar fram i løypene, før dei to tok seg ein langrennstur i lag.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI03, 03
Pedro Lemos