Hopp til innhold

Arrangement Langrenn 2020-2021

Arrangørar av skirenn i langrenn 2020-2021 gjennomførte 30. november eit webmøte om arrangement og smittevern i regi av skikrinsen. Merk oppdatert presisering vedr. registrering av alle som er til stades på arrangement.

I møtet gjekk ein igjennom informasjon om smittevern i samband med arrangement og døme på praktisk gjennomføring av skirenn.

Presentasjon webmøte 30.11.2020

I tillegg fekk ein m.a. diskutert og gjort følgjande avklaringar:

  • Ein vil prøve avvikle krinsrenn som 1 kohort, dvs. inntil 200 personar kan vere til stades på arrangementet (antalavgrensing pr. 02.11.2020). Arrangørpersonell tel ikkje inn under dette antalet.
    Difor er det oppmoding om maks. 1 føresett pr. løpar på krinsrenn inneverande sesong.
  • Påmelding av støtteapparat/ føresette på førehand gjennom påmelding til rennet (Min idrett).
  • Arrangør vurderer etter påmeldingsfrist om ein kan avvikle rennet med alle til stades samtidig eller om ein må arrangere med 2 kohortar.
  • Påmeldingsfrist for krinsrenn skal vere søndag kl. 23.59 (i veka før arrangementet).
  • Innbyding og informasjon skal vere klart min. 2 veker før arrangementet.

NB! Presisering vedr. registrering av alle som er til stades på arrangement:
Merk at arrangør er ansvarleg for å ha oversikt over deltakarar og alle som er til stades på arrangementet for å kunne bistå kommunen ved ei eventuell seinare smitteoppsporing. Dvs. at det må gjerast ei registrering (manuell eller qrona.nif.no) også på sjølve arrangementet, sjølv om ein har nytta førehandspåmelding av både utøvarar og støtteapparat/føresette. Denne oversikta skal slettast etter 10 dagar.

Alle arrangørar skal sette seg inn i Norges Skiforbund sin koronarettleiar - retningslinjer for arrangement sesongen 2020-2021.

Sogn og Fjordane Skikrins oppmodar skigruppene til å gjennomføre gode lokale arrangement og aktivitetar kommande vinter.

Skiidretten er ein del av dugnaden for å stoppe koronasmitten, og støttar opp under helsemyndigheitene sitt arbeid for å hindre spreiing. Skiaktivitet skal føregå under mest mogeleg trygge rammer, og det er eit felles ansvar for alle som deltek i aktiviteten om å ivareta smittevernet.

NIF-EPI03, 03