Hopp til innhold

Jon Rolf Skamo Hope med imponerande sesongstart på Beitostølen. (Foto: Terje Pedersen/NTB)

Sterk sesongopning av Hope

Jon Rolf Skamo Hope (Hyen IL/Team Elon Vest) imponerte stort i sesongopninga for langrenn på Beitostølen med ein sterk 4. plass på laurdagens 15 km klassisk.

22-åringen var 43 sekund bak vinnar Mikael Gunnulfsen, og tett bak landslagsløparane Johannes Høsflot Klæbo og Hans Christer Holund på høvesvis 2. og 3. plass.

Resultat Menn 15 km klassisk - 21. nov.

Årets nasjonale sesongopning i langrenn vert avvikla med deltakaravgrensing grunna strenge smitteverntiltak, der 90 herreløparar og 55 dameløparar får stille til start.

Søndag stiller Hope til start på 15 km friteknikk som vert sendt direkte på NRK TV frå kl. 11.25.

BEITOSPRINTEN 2020

NIF-EPI01, 01
fnugg