Hopp til innhold

Jon Rolf Skamo Hope med imponerande sesongstart på Beitostølen. (Foto: Terje Pedersen/NTB)

Nytt sterkt løp av Hope

Jon Rolf Skamo Hope (Hyen IL/Team Elon Vest) har verkeleg vist seg fram i sesongopninga i langrenn, og følgte opp med ein ny sterk 4. plass på søndagens 15 km friteknikk på Beitostølen.

Hope var berre 7 sekund bak pallplass og landslagsløpar Sjur Røthe på 3. plass, og har med to 4. plassar i sesongopninga vist kva nivå han har inne.

Laurdag 21. november: - Sterk sesongopning av Hope

Søndagens 15 km friteknikk vart vunne av landslagsløpar Hans Christer Holund.

RESULTAT MENN 15 KM friteknikk - 22. nov.

resultat bEITOSPRINTEN 2020

Årets nasjonale sesongopning i langrenn vert avvikla med deltakaravgrensing grunna strenge smitteverntiltak, der 90 herreløparar og 55 dameløparar får stille til start.

NIF-EPI02, 02