Hopp til innhold

Per Birger Lomheim fekk overrekt Kongens fortjenestmedalje av ordførar Ivar Kvalen. (Foto: Hafslo IL)

Kongens fortjenstmedalje

Per Birger Lomheim (Hafslo IL) er tildelt Kongens fortjenstmedalje for sitt årelange engasjement og frivillige arbeid for idretten og skiidretten.

Ordførar Ivar Kvalen i Luster kommune overrekte Kongens fortjenstmedalje til Per Birger Lomheim under kommunestyremøtet på Eikum Hotell torsdag.

Kongens fortjenstmedalje vart stifta av Kong Haakon VII 1. februar 1908, og vert utdelt som belønning for innsats av særleg samfunnsgavnleg natur på områder som kunst, kultur, vitenskap, næringsliv, sosialt og humanitært arbeid.

Her er eit utdrag av Per Birger sitt engasjement i skiidretten:
I meir enn 50 år har Per Birger vore aktiv, leiar, trenar og eit stort førebilete for born og unge. Han har i årevis lagt ned eit enormt arbeid for idretten på Hafslo, i Luster og i Sogn og Fjordane Skikrins. 

I tillegg til eit sterkt lokalt engasjement har Per Birger over tid lagt ned eit stort arbeid i Sogn Skikrins, først som krinsinstruktør i hopp frå 1970-1980, medlem og leiar av hopputvalet, anleggsutvalskontakt frå 1970-1986, anleggsrådgjevar for hopp i 1974 og langrenn i 1983 i Norges Skiforbund. Han har også konstruert Kvamsbakkane på Hafslo, Kleivabakkane på Langeland i Førde og Seljesetbakken i Hornindal, og har vore kretsdommar i hopp frå 1984 og forbundsdommar frå 1987.

Han var med på å dra i gong turrennet Hafslovatnet Rundt i 1962 (som første turrenn i Sogn og Fjordane). I nyare tid er han kjend som "primus motor" for etablering av Sogn Skisenter på Heggmyrane.

Per Birger er framleis sterkt engasjert innan skiidretten både som aktiv hoppar, eldsjel og dommar, og har betydd enormt for hoppsporten både lokalt og regionalt.

Sogn og Fjordane Skikrins gratulerer Per Birger Lomheim med velfortent utmerking!


Bilete over: Frå utdelinga av Kongens fortjenestmedalje til Per Birger Lomheim. F.v. Nils Olav Kongsvik, Per Birger Lomheim og Finn Årdal (styreleiar SFSK). (Foto: privat)

Sogn Avis (+): - Trudde han skulle fortelja om skisporten - så kom den store overraskinga

NIF-EPI01, 01