Hopp til innhold

Fjord1 samling Førde

Laurdag 17. oktober er det klart for Fjord1 Alpinsamling barmark i Førde. Informasjon er oppdatert 15.10.2020.

Samlinga vert arrangert av Førde IL i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins. 

Stad:
Blomlia, Førde

Tid:
Laurdag 17. oktober 2020, kl. 10.00-16.00

For kven:
U10-U16 (U10 = f. 2011)
Utøvarar eldre enn U16 kan også delta på samlinga.

Trenarar:
Førde IL Alpin

PÅMELDte

Frist for påmelding er måndag 12. oktober 2020 (kl. 23.59)

RAMMEPROGRAM:

Kl. 10.00-11.30: 1. økt barmark - koordinasjon, hurtigheit  og stafett
Kl. 11.30-12.30: Lunsj
Kl. 12.30-14.15: 2. økt barmark - hinderløype 
Kl. 14.30-16.00: Gocart

Merk! Samlinga vert avslutta med gocart for dei som ynskjer. Her må ein hugse å kle seg godt og stille med eigne hanskar. Eigenandel på kr. 150,- pr. heat.

  • Ta med uteklede og evt. ekstra klede til gocart
  • Utøvarane får servert lunsj (for utøvarar med matallergi melder ein dette inn til Erik.Solheim@tools.no innan torsdag 15. oktober)
  • Samlinga er kostnadsfri (utanom gocart)

Smittevernreglar for samlinga:

  • God handhygiene – vask hendene ofte.
  • Halde minst 1 meter avstand.
  • Du skal ikkje dele treningsutstyr med andre (personleg utstyr).
  • Ver ekstra merksam og ta omsyn til dei andre når ein er samla som stor gruppe, dvs. på øktene og fellesmåltid.
  • Ikkje møt på samlinga dersom du er sjuk/ har vore sjuk siste 2 dagane før samling/ har sjukdomssymptom. Du må varsle trenarar dersom du blir sjuk/ får sjukdomssymptom under samlinga.
  • Det viktig at alle følgjer beskjeder frå trenarar/ vaksne for desse retningslinjene.

I tillegg ber ein utøvarar og føresette lese igjennom Norges Skiforbund sin koronarettleiar for klubbar og kretsar

Informasjon om SFSK alpinsamlingar 2020-2021

NIF-EPI02, 02