Hopp til innhold

Gjøran Tefre (Foto: NTB scanpix)

Tefre klar for ny verdscuphelg

Gjøran Tefre skal på nytt prøve seg mot verdseliten i langrenn med verdscuprenn i Nove Mesto kommande helg.

På programmet i tsjekkiske Nove Mesto står 15 km friteknikk laurdag og 15 km klassisk jaktstart søndag. Renna kan ein følgje direkte på NRK TV.

Tefre gjekk også verdscup sist helg, men var uheldig med fall i kvartfinalen i sprint i tyske Dresden.

Han er ein av sju norske herrar som er tatt ut til verdscuphelga. Som leiar av Skandinavisk Cup samanlagt har han friplass i verdscupen fram til midten av mars.

UTTAK NORGES SKIFORBUND

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI02, 02
NTB